Reisebrev fra University of Missouri

Skrevet av Johannes Sæleset

Då eg tok til med doktorgradsarbeidet mitt såg eg ikkje den store nytta av å bruka tid og krefter på samarbeid med andre. Det endra seg fort. Etter månadar med lesing av artiklar for å freista forstå korleis ein best kan utforska lærarstudentar sin naturfagdidaktiske kompetanse innsåg eg at det eg eigentleg trong var å snakka med andre forskarar. Eg oppdaga at alle artiklar har ein kontaktperson, og spurde fleire om metodar og intervjuguidar. Professor Pat Friedrichsen frå University of Missouri kunne bidra med relevante intervjuguidar og viste stor interesse for mi forsking. Etter ei tid med kontakt over e-post spurde eg om eg kunne koma over og møtast.

I påska 2018, eitt år etter at eg tok til med doktorgraden, reiste eg saman med kone og to barn på 1 og 2 år til Columbia i Missouri, midt i USA. Me vart åtvara om at dette var ein aude stad langt frå store byar, men vart fort klar over at skalaen er litt annleis her i Amerika. Columbia er dobbelt så stor som Tromsø, og har alt ein familie treng for å trivast. Inkludert godt utval i leikeplassar, eit stort bibliotek og haugevis med venlege amerikanarar som alle vil hjelpe oss med det me treng. Klimaet har også kome seg betrakteleg. Det byrja med snøfall rett som det var i april, men no i mai har det stort sett vore 25-35 grader.

Som om me ikkje skil oss nok ut med å vera utlendingar og leika utandørs også dei få dagane himmelen er grå valde me også å sykla og bruka sykkelvogn i staden for å skaffa oss bil (me fekk låna to syklar av den utruleg snille professoren eg besøkte). Me vert dagleg heia på og får tommel opp, for sykling med barn er ikkje vanleg. Men sjølv om Columbia er i billandet USA har dei faktisk sykkelfelt på mange av vegane, så me har overlevd så langt.

Amerikanarar er hardtarbeidande og tek lite fri. I år fekk eg faktisk gjort litt på jobb i mai månad, i motsetnad til normalen i Noreg med flust av langhelger og inneklemde dagar. Professor Friedrichsen viser seg å ikkje berre ha toppkompetanse i forskingsfeltet, men er ein god rettleiar med vilje til å bruka tid på å setja seg inn i mine problemstillingar. Etter snart tre månadar her har eg vorte meir trygg i rolla som forskar. Eg har vorte pusha og leia til å finna akkurat det gapet i forskinga som mi forsking passar inn i, og å heva røysta med mitt bidrag der.

Eg har også møtt det venlege amerikanske sinnelaget i invitasjonar til å delta i interne samarbeidsgrupper innan naturfaglærarutdanning. Alle er interesserte i det norske, og me har mykje å læra av kvarandre sine kulturar og utdanningssystem. Eg har jamvel vorte invitert på skulebesøk på ulike amerikanske skular.

Til deg som vurderar å dra på utanlandsopphald vil eg sei at mi erfaring er at professorar og andre erfarne forskarar er ofte meir opne for samarbeid og samtalar med doktorgradsstudentar enn ein skulle tru. Det er gjerne inspirerande for dei å sjå nye tilnærmingar i forskinga. Og dei som har utmerka seg med god forsking innan eit felt er ofte svært interesserte i dette feltet, så interessert at dei er villige til å bruka av fritida si til å diskutera det.

Me har no nokre veker att før me dreg tilbake til Noreg i slutten av juni for å fortsetja vår lengste sommar nokosinne. Eg vil takka NAFOL for reisestøtta!

Lukke til for deg som les dette og vurderar eit utanlandsopphald!