Reisebrev frå University of Limerick

Skrive av Oda Heidi Bolstad

Tidleg i doktorgradsstudiet vart eg råda til å reise utanlands. Fleire doktorgradsprogram har til og med utanlandsopphald som ein obligatorisk del av forskarutdanninga. Eg hadde ikkje vore på noko form for utveksling tidlegare i utdanninga mi, og tenkte difor at denne gongen måtte eg nytte høvet. Problemet var berre å finne ut kvar eg skulle reise.

Reiselysta var der, samstundes ville eg ikkje berre reise for å reise. Det måtte vere eit fagleg miljø som eg ville ha utbytte av å besøke. Nokon som hadde same forskingsinteresse som meg sjølv. Og det er ikkje alltid like enkelt å vite kvar dette forskingsmiljøet er.

Eg var omtrent halvvegs i tredje stipendiatåret før eg (på nytt) kom over Merrilyn Goos sitt arbeid. Plutseleg var det klart at det var henne eg måtte besøke. Difor vart det tre månader i Irland ved University of Limerick.

Litt om Limerick

Limerick ligg midt-vest i Irland der elva Shannon vidar seg ut før ho renn ut i Atlanterhavet. Det er den tredje største byen i Irland med eit innbyggartal på 94 192 i 2016. Byen vart grunnlagd av vikingar rundt år 812, og er ein av dei eldste byane i Irland. I områda i og rundt byen finn ein mange historiske attraksjonar, som til dømes King John’s Castle som er det vestlegaste normanniske slottet i Europa. I 2014 vart Limerick innvia som Irland sin nasjonale kulturby, noko som kjem tydeleg fram gjennom ulike kunst- og kulturarrangement gjennom heile året. I tillegg har Limerick gitt namnet til det humoristiske femlinjers diktet, og drinken Irish Coffee vart visstnok oppfunne i Limerick i 1943.

Litt om University of Limerick

University of Limerick (UL), eller Ollscoill Lumnigh som det heiter på irsk, vart grunnlagt i 1972. Det var det fyrste universitet som vart grunnlagt etter Irland vart sjølvstendig i 1922. Campus ligg langs begge sider av elva Shannon, og er knytt saman av ei bru. UL har meir enn 11000 fulltidsstudentar.

UL er base for det nasjonale senteret for STEM-utdanning, EPI*STEM. Senteret har som mål å betre utdanning i STEM-faga (science, technology, engeneering og mathematics) gjennom forsking på effektiv undervisning, læring og profesjonsutvikling. Professor Merrilyn Goos er direktør for EPI*STEM, og difor er det her eg har hatt min arbeidsplass.

Kva har eg gjort her

Ved EPI*STEM fekk eg eige skrivebord og PC på eit kontor saman med andre doktorgradsstudentar og postdoc-ar. Det meste av tida vart brukt til å skrive og sende inn tredje artikkel til fagfellevurdering, samt arbeid med kappa og revidering av artikkel 2. Eg har også delteke på førelesingar med Merrilyn Goos, og har hatt inspirerande møte me henne. Ein av doktorgradsstudentane ved EPI*STEM arbeider også med «numeracy». Me har hatt interessante samtalar der me har delt erfaringar og synspunkt knytt til forskingsprosjekta våre, og me har allereie diskutert mogelege forskingssamarbeid i framtida.

Det er luksus å ha kollegaer rundt seg med same forskingsinteresse som ein sjølv. Det er også luksus å vere doktorgradsstipendiat i Noreg. Eg har betalt for å ta doktorgrad, i tillegg til mange gode økonomiske støtteordningar, t.d. gjennom NAFOL. Mange av kollegaene mine ved EPI*STEM er tilsette i full undervisningsstilling og arbeider med doktorgrada ved sidan av. Dei har ein enorm kapasitet, og arbeider 24/7. Ei doktorgrad er hardt arbeid uansett kvar ein er, men eg kjenner meg likevel privilegert som har fått forholda så tilrettelagt.
I tillegg til fagleg utvikling, er eit utanlandsopphald også ei personleg utvikling. Det å skulle reise åleine til eit anna land, og bu der i tre månader er spennande og utfordrande. Særleg spennande var det då eg, ei veke før avreise, fekk e-post om at rommet eg hadde avtale om å leige, ikkje var tilgjengeleg likevel. Men etter fire netter på (eit litt tvilsamt) hotell hadde det ordna seg med husvære. Eg måtte likevel ein tur innom politiet før eg fekk refundert depositumet eg hadde betalt for det fyrste rommet.

Det er sjeldan ting går heilt smertefritt, men i etterkant sit ein som regel att med ei god historie. I mitt tilfelle sit eg også att med ein husvert som vart ei god venninne, og som like godt inkluderte meg i familien sin. Så når eg no reiser heim att sit eg att med mange verdifulle erfaringar og minne, ein irsk bonusfamilie, og irske kollegaer som eg allereie har samarbeidsplanar med for framtida.

Tusen takk til NAFOL for støtte til å gjennomføre opphaldet!

Top