Reisebrev frå Australian Catholic University

Skrive av Kim-Daniel Vattøy

Utsikt over Brisbane fra utkikkspunkt. Foto
Utsikt over Brisbane frå Mt. Coot-tha Summit Lookout.

Institute for Learning Sciences and Teacher Education (ILSTE) er eit tverrfagleg forskingsinstitutt som har lokale i hjartet av Central Business District (CBD) i Brisbane, Australia. Brisbane er hovudstaden og den mest folkerike byen i staten, Queensland. Der bur det om lag 2,5 millionar menneske og byen er i vekst med mange kraner og høge skyskraparar som vert bygde.

Story Bridge i regnbogedrakt over Brisbane-elva. Foto
Story Bridge i regnbogedrakt over Brisbane-elva

ILSTE tilhøyrer Australian Catholic University (ACU), som er eit offentleg universitet i Australia med campusar over heile landet. Eg vart invitert til ILSTE i mai 2018 av direktør, professor Claire Wyatt-Smith, og eg starta planlegginga av opphaldet frå starten av det treårige ph.d.-løpet mitt i 2017. Eg var inspirert av tidlegare reisebrev på NAFOL sine nettsider og eg nytta tips frå tidlegare NAFOL-kandidatar i planleggingsfasen. Opphaldet mitt varte i tre månadar frå september til desember 2019. Det var hovudrettleiar, professor Kari Smith (NTNU), som hjalp meg med å kome i kontakt med Claire og ILSTE. Det er ca. 60 tilsette ved ILSTE og dei husar eminente nasjonale og internasjonale forskarar frå heile verda.

Våren er frå september til november i Brisbane. For studentar vert årstida ofte kalla «Purple Panic». Dette er fordi Jacaranda-treet blømer og den lilla fargen vert kopla med eksamenangst. Eg sat i kontorlandskap saman med internasjonale ph.d.-stipendiatar frå mellom anna Italia og Nederland. Det var også fleire internasjonale forskarar som arbeida i forskarstillingar. Det unike med ILSTE er at forskarane arbeider 100% med forsking, slik som meg no i ph.d.-løpet mitt. Det var derfor svært inspirerande å gå på jobb og ha uformelle samtalar med internasjonale forskarar som er lidenskapeleg opptekne av utdanningsforsking. For meg låg det eit stort potensial i å utvikle ein internasjonal forskaridentitet.

Kontorplass. Foto
Arbeidsplass på ILSTE i hjartet av Brisbane Central Business District (CBD). Med Jacaranda-treet som blømer i oktober, Cathedral of St. Stephen og skyskraparar i bakgrunnen.

Då eg kom til ILSTE, vart eg godt motteken på eit ekstraordinært morgonmøte. Eg hadde med meg ei gåve – brunost, brunosthøvel og melkesjokolade frå Noreg. Kollegaane mine ved ILSTE vart svært imponerte av at eg hadde teke meg arbeidet med å erklære desse varene gjennom den strenge sikkerheitskontrollen til Australia. Halve brunosten forsvann på det morgonmøtet og det var ein overveldande positiv respons. Neste dag møtte eg svoltne kollegaar utanfor kjøleskapet som lurte på om det var råd å få seg meir brunost.

Ei moglegheit til å presentere ph.d.-prosjektet mitt og få tilbakemelding frå kollegaar ved ILSTE opna seg tidleg. Eg vart invitert til å halde ein presentasjon i førelesingsserien, «ILSTE Brown Bag Series». Dette var svært givande og det utfordra meg til å diskutere funna mine frå dei tre artiklane mine av ph.d.-en min om «Responsiv pedagogikk og elevlæring i engelskundervisinga». Eg fekk mange gode tips og innspel om korleis styrke internasjonal relevans og samstundes idear om korleis drøfte implikasjonar av ph.d.-prosjektet mitt.

Ein viktig del av internasjonaliseringa var nettverksbygginga eg tok del i. Eg hadde mange gode samtalar med kollegaar. Eg deltok også på «Teaching and Learning Week 2019» ved University of Queensland som er ein ferjetur ned til St. Lucia-campusen ved Brisbane-elva. Her var det både fleire nyttige seminar inn mot forskingstematikken min og eg fekk helse på fleire forskarar. Eg deltok også på ein keynote av professor David Carless (Hong Kong-universitetet) om tilbakemeldingsprosessar og utvikling av partnarskap mellom lærarar og elevar. Dette vart arrangert av Queensland University of Technology (QUT), så her vart eg kjend med endå fleire forskarar. Dette var god førebuing for meg også fram imot konferansedeltakinga mi ved AARE-konferansen 2019 i starten av desember (Australian Association for Research in Educacation). Her presenterte eg frå to av artiklane mine til doktorgradsavhandlinga mi. Eg deltok i Assessment and Measurement SIG (Special Interest Group) og det var fleire sosiale og akademiske møtepunkt. Med nesten 1000 delegatar frå land over heile verda så var AARE-konferansen eit stort høgdepunkt for opphaldet mitt.

Kim-Daniel sammen med en britisk soldat. Foto
Sosialt program under AARE2019-konferansen. Her saman med ein britisk soldat frå det interaktive teateret: Spirits of the Red Sand – Aboriginal Culture Show.

“Have a good one, mate.”

Tusen takk til NAFOL for reisestøtta!