Konferanseblogg

NERA 2020 Conference, Turku

Skrive av Kim-Daniel Vattøy

Kim-Daniel Vattøy presenterer paper på konferanse. Foto
Paperpresentasjon: «Bridging feedback and dialogue: Teacher-student interactions and target language use in teaching EFL».

Om konferansen

NERA, Nordic Educational Research Association, er ein organisasjon som fremjar utdanningsforsking i dei nordiske landa og som arrangerer årlege konferansar. Eitt av føremåla er å styrkje samarbeidet mellom nordiske forskarar og det internasjonale forskarsamfunnet. Nordisk foreining for pedagogisk forsking (NFPF/NERA) vart skipa i 1972 med siktemål for å vere ein møteplass for utdanningsforskarar i dei nordiske landa. NERA driftar også tidsskriftet, Nordic Studies of Educational Research og støttar arbeidet i dei 25 nettverka.

Temaet for årets konferanse var: «Rethinking the futures of education in the Nordic countries». Totalt var det 566 deltakarar som presenterte frå presentasjonar med totalt 840 forfattarar. Det var 21 symposium og 29 deltakarar som fungerte som discussants. Hovudtalarane for årets konferanse var professor Fazal Rizvi (University of Melboune), professor Kirsti Klette (Universitetet i Oslo) og professor Risto Rinne (Universitetet i Turku). Ein paneldiskusjon vart også arrangert rundt temaet: «Actors and Ideas Shaping the Futures of Higher Education in the Nordic Countries».

Turku (Åbo) i Finland var vertsby for årets konferanse frå den 4.-6. mars 2020. Turku er Finland sin eldste by og vart grunnlagt på 1200-talet. Turku var hovudstad i Finland fram til 1812. Byen ligg vakkert til ved elva Aurajoki og konferansen vart arrangert på Universitetet i Turku som ligg sentralt ved elva. Universitetet i Turku feirar 100 år i 2020.

Stand med ballonger og tallene 100. Foto
Universitetet i Turku feira 100 år på årets NERA-konferanse.

Paperpresentasjon

Eg deltok med paperpresentasjon i ein eigen «feedback»-sesjon i nettverk 1: «Educational measurement and assessment». Nettverket er nyoppstarta av året og nettverksleiar, proffessor Rolf Vegar Olsen (CEMO, UiO), oppmoda nordiske forskarar om å gå saman om felles symposium for å visualisere samarbeid og aktivitet innan vurdering.

Paperpresentasjonen, «Bridging feedback and dialogue: Teacher-student interactions and target language use in teaching EFL», er eit samforfattararbeid med medrettleiar professor Siv M. Gamlem ved Høgskulen i Volda. Arbeidet går inn som artikkel 1 av ph.d.-avhandlinga mi om «Responsive pedagogy and feedback practice in teaching English as a foreign language» og har nyleg blitt publisert i Cambridge journal of Education med tittelen: «Teacher–student interactions and feedback in English as a foreign language classrooms».

Verdien av å reise på NERA-konferansen var stor. Eg fekk legge fram eiga forsking for eit internasjonalt publikum, samt utvide nettverk og få nye erfaringar. Gjennom spørsmål og diskusjon fekk eg som ph.d.-stipendiat nye perspektiv inn i eige forskingsarbeid.
Tusen takk til NAFOL for reisestøtta! Paljon kiitoksia!

Turku katedral. Foto
Turku (Åbo) katedral vart påbegynt i slutten av 1200-talet og er ei av dei viktigaste historiske bygningane i Finland.