Konferanseblogg

ISA RC52 – Firenze 2019

Skrevet av Hilde Hjertager Lund og Solveig M. Borgund

Solveig og Hilde står i konferanselokalet. foto

4.-6. juli 2019 inviterte nettverket ISA RC52 – The sociology of professional groups til konferanse i Firenze, Italia. Tema for konferansen var «Professions and society facing the challenges of marketization, globalization and digitalization». Vi hadde fått anbefalt konferansen av vår felles rettleiar, Kari Ludvigsen, som har hatt tilknytting til nettverket over fleire år. Dette er eit nettverk som samlar forskarar frå heile verda som har interesse for profesjonsforsking i eit samfunnsperspektiv. Nettverket er ein del av ISA – International Sociology Assotiation som annankvart år arrangerer ein større verdskonferanse. Denne konferansen i Firenze var berre for nettverket og samla om lag 100 forskarar.

Vi starta med å sende inn abstract i starten av året. Etter review fekk vi begge aksept til to forskjellige sesjonar. Rettleiar, Kari, sende og inn abstract så denne gongen skulle vi reise saman alle tre. Hilde presenterte i sesjonen «New challenges for professionals, new standards, new work routines» alt første dagen. Hilde sitt innlegg hadde tittelen «Betwixt and between” – Educational managers between the market and profession» og handla om dei pedagogiske leiarane i barnehagen si leiarrolle. Dette var Hilde sin aller første presentasjon på ein internasjonal konferanse. Hilde sitt innlegg skapte engasjement og interesse i sin sesjon. Det var mange som stilte spørsmål og kom med tips og kommentarar. Hilde fekk erfare at det kan vere ei utfordring å få med seg all responsen sjølv samstundes som ein skal gi svar og delta aktivt i diskusjonen. Å reise saman med nokon som kan hjelpe å notere respons og spørsmål, men også diskutere denne responsen skulle vise seg å vere hjelpsamt og verdfullt.

Dag to var det Solveig sin tur i elden. Ho presenterte i sesjonen med tittelen: «Professional power matters. Connecting professions and organizations in the context of managerialism» med eit innlegg kalla «Reforming kindergarten teacher education in Norway – The role of the organizations and the professions» som handla om barnehagelærarane si rolle i iverksetting av ny barnehagelærarutdanning. Dette var ikkje Solveig sin første presentasjon på konferanse, men likevel ei ny erfaring. Sesjonen blei leia annleis enn det som kanskje er mest vanleg. Sesjonsleiar la opp til at alle innlegg skulle haldast etter kvarandre utan avbrot og spørsmål. I staden blei det lagt opp til ein større diskusjon i plenum til slutt. Dette gjorde at diskusjonen blei noko generell og at dei direkte tilbakemeldingane til kvar presentasjon blei færre. Igjen skulle føremonen med å reise saman gjere seg gjeldande i form av gode diskusjonar i etterkant av sesjonen.

Universitetet i Firenze. Bygninger. Foto

Universitetet i Firenze

Vi opplevde begge at storleiken på denne konferansen gjorde at ein ikkje berre kunne gli inn i mengda. I pausane var det mange som tok kontakt og den faglege diskusjonen føregikk i frå tidleg morgon til seine kveld både i den formelle delen, men også i pausar og under måltid. Andre forskarar spurte interessert om våre ph.d.-prosjekt og presentasjonane vi hadde hatt. Vi fekk verkeleg brynt oss på å snakke og formidle både eige prosjekt, men også spørje om andre sine, på engelsk. Ein ting er å halde ein førebudd presentasjon på engelsk, noko heilt anna er det å føre seg rundt å snakke fag på engelsk i meir spontane og ikkje førebudde situasjonar.

Å vere på konferanse i vakre omgjevnader som Firenze er eit privilegium. Fantastiske bygningar, trange og sjarmerande gater, god mat og drikke. Men jammen skulle vi få kjenne på ei heilt ny utfordring likevel. Akkurat på det tidspunktet denne konferansen gjekk av stabelen var det hetebølge i Italia. Å gå ut av hotellet kvar dag og møte 40 varme grader er krevjande for nordmenn vane til å ta på seg ei ekstra jakke før vi går på jobb. Alt før vi kom til universitetet om morgonen hadde vi løyst svetten og drukke den første halvliteren med vatn. Etter at konferansen var over laurdag kveld fekk vi heldigvis nyte varmen og omgjevnadane i litt meir avslappa former.

Alt i alt sit vi att med gode minner, nyttige erfaringar og med eit litt større nettverk i forskarverda. Takk til NAFOL som gav oss reisestønad slik at vi fekk med oss denne konferansen.

Utsikt over hustak. foto

Top