Forskerprofil: Solveig Marie Borgund

Kvalitet i norsk barnehagelærarutdanning – nasjonale standardar og lokalt arbeid

Solveig Marie Borgund. photoEg er tilsett som stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet og er tatt opp på doktorgradsprogrammet Danning og didaktiske praksisar der. Eg har bakgrunnen min frå Universitetet i Bergen der eg har ein master i administrasjon og organisasjonsvitskap. Bacheloroppgåva mi handla om utvikling av ny skulebruksplan i Hordaland fylkeskommune. Masteroppgåva mi handla om fråfall i vidaregåande skule. Etter master har eg også arbeidd som vitskapeleg assistent der eg mellom anna fekk vere med i eit større prosjekt som handla om organisasjon og leiing i barnehagen og forska på motivasjon for samfunnsfag i vidaregåande skule.

Interessa for utdanning og opplæring frå barnehage til høgare utdanning var nok det som motiverte meg til å utvikle mitt doktorgradsprosjekt. Doktorgradsprosjektet mitt er ein policy-design studie av norsk barnehagelærarutdanning som var gjenstand for ei større reformering i 2012. Formålet med prosjektet er å sjå på korleis reforma har blitt fortolka og sett ut i livet, og i kva grad det finns rom for lokale tilpassingar. Studien er kvalitativ og baserer seg på innsamla dokument saman med intervju av aktørar på ulike nivå og ved ulike institusjonar.

Prosjektet har leia til deltaking på internasjonale konferansar og på denne måten har eg også fått utvida mitt nettverk. Dette opnar opp for nye idear og innspel, noko som verkar motiverande i det vidare arbeidet.