Forskerprofil: Øyvind Wiik Halvorsen

Spørsmål om føremål med utdanning med norsklærarar og norskfaget som døme

Oyvind Wiik Halvorsen. PhotoI doktorgradsprosjektet mitt nyttar eg sjølvforståing og danningstradisjonar som inngang til å undersøkjer spørsmål om føremål med utdanning. Prosjektet er ein kvalitativ studie, hovudsakleg bygt på intervju med norsklærarar i vidaregåande skule.

Eg har mastergrad i nordisk språk og litteratur, praktisk-pedagogisk utdanning og erfaring frå undervisning i høgare utdanning. Gjennom praktisk-pedagogisk utdanning vart eg oppteken av utdanningspolitikk og lærarar sine opplevingar og verdiar. Eg utarbeidde difor eit doktorgradsprosjekt bygt på refleksjonar eg gjorde meg i praksis. Eg byrja som stipendiat ved Universitetet i Bergen i august 2016.

Eg vart teken opp som del av NAFOL-kull 8. For meg har NAFOL særleg bidrege med eit solid fagleg og sosialt nettverk, god øving i formidling av forsking og utfordringar med kritiske og hjelpsame spørsmål og øvingar.

Top