Forskerprofil: Kim-Daniel Vattøy

Kim-Daniel Vattøy. photoTilbakemeldingspraksis som responsiv pedagogikk i engelskundervisinga

Eg er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda med ph.d. i utdanningsvitskap frå NTNU. Eg har også utdanning som allmennlærar frå Høgskulen i Volda og har master i engelsk didaktikk frå NTNU. Masterarbeidet mitt undersøkte elevars oppleving av eigenvurdering i engelskundervisinga i ungdomsskulen og var viktig for kvifor eg vart engasjert i tilbakemelding og vurdering i engelsk, noko som er bygd vidare på i ph.d.-avhandlinga mi.

Ph.d.-avhandlinga mi, «Feedback practice as responsive pedagogy in teaching English as a foreign language», undersøker vilkår for tilbakemeldingspraksis som responsiv pedagogikk i engelskundervisinga i ungdomskulen. Eit mixed-methods design er nytta for å belyse tematikken frå tre distinkte perspektiv: klasseromsperspektivet ved video-observasjon, elevperspektivet ved spørjeundersøking og lærarperspektivet ved intervju. Rettleiarane mine har vore professor Kari Smith ved NTNU og professor Siv M. Gamlem ved Høgskulen i Volda.

Eg disputerte for doktorgraden 23. oktober 2020. Doktorgradskommisjonen bestod av professor Louise Hayward (University of Glasgow), professor Marja-Kristiina Lerkkanen (University of Jyväskylä) og førsteamanuensis Fredrik Mørk Røkenes (NTNU).

Eg har vore aktiv med deltaking på internasjonale konferansar i tida mi som NAFOL-student. Eg har presentert på EARLI2018, ICSEI2019, NERA2020 og AARE2020. NAFOL arrangerer også eigne internasjonale konferansar der eg har deltatt med paper. Grunnen til at eg har hatt høve til å delta på så mykje er takka vere økonomisk støtte frå NAFOL i tillegg til støtte frå eigen institusjon. NAFOL har i tillegg støtta meg økonomisk på det internasjonale forskaropphaldet mitt i Brisbane 2019. Her fekk eg arbeide saman med internasjonale utdannings- og vurderingsforskarar på forskingssenteret: Institute for Learning Sciences and Teacher Education, ACU, som er leia av professor Claire Wyatt-Smith.

Deltakinga mi i NAFOL har ført til at eg har utvikla nasjonale og internasjonale forskarnettverk. På NAFOL-samlingar har eg vore involvert i konstruktive dialogar med andre NAFOL-studentar om relevante tematikkar innan utdanningsforsking.