Forskerprofil: Johannes Sæleset

Johannes Sæleset. fotoLærarstudentar sin naturfagdidaktiske kompetanse

Eg har gjennom eiga lærarutdanning sett behovet for kunnskap om kva som gjer naturfaglærarar gode. Gjennom mitt doktorgradsprosjekt har eg høve til å bidra konkret gjennom fylgja lærarstudentar som underviser naturfag i praksisdelen av ei norsk lærarutdanning. Eg observerar, filmar og intervjuar studentane med det føremål å få greie på kva som kjenneteiknar naturfagundervisinga deira, kva som inspirerar dei til slik undervising og kva rolle naturfagdidaktiske kurs i lærarutdanninga har.

Gjennom dette kan eg bidra til eit avgrensa kunnskapsgrunnlag om lærarstudentar si utvikling av kompetanse som dei treng for å gi kvalitetsundervising i naturfag. Med utgangspunkt i det spesifikke kunnskapsgrunnlaget lærarar treng for å undervisa naturfagemne (Pedagogical Content Knowlege) utviklar nye metodar for analyse av videomateriale og stimulerte gjenkallingsintervju, der lærarstudentane deler sine tankar frå planlegging og gjennomføring av naturfagundervising med utgangspunkt i å sjå på videoopptak.

Ved å undersøkja klasseromspraksisen til lærarstudentar i ei norsk lærarutdanning kan eg byrja ein viktig jobb med å skaffa kunnskap om korleis den nordiske modellen for lærarutdanning med fagdidaktiske kurs har nytteverdi for dei komande lærarane.

Eg er no inne i det siste året av doktorgradsperioden, og gler meg over å kunne rapportera funn som gir grunn til optimisme kring kvaliteten av framtidige naturfaglærarar og konkrete styrkar ved fagdidaktiske kurs gjennom publikasjonar og deltaking i Forsker Grand Prix. Etter kvart som avhandlinga tek form ser eg fram til å dra nytte av ekspertisen som NAFOL har tilgang til, og som me som deltek får tilgang til på ein framifrå organisert måte.