Forskerprofil: Hege Fimreite

Bilde av Hege Fimreite. fotoKollegarettleiing og endring av den kollektive kunnskapen i barnehagen

At læring skjer i sosiale samspel har følgd meg frå barnehage til doktorgradsavhandling. Eg er utdanna førskulelærar og klinisk pedagog, med erfaring som styrar i barnehage og som klinisk pedagog i BUP. Hovudfagsoppgåva i førskulepedagogikk undersøkte samspelet mellom dei eldste barna i barnehagen, medan eg i doktorgradsavhandlinga set søkjelyset mot samspelet mellom barnehagelærarane. Eg vart i 2011 tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, som i 2017 fusjonerte til Høgskulen på Vestlandet, først som høgskulelektor og i 2015 som instituttleiar for barnehagelærarutdanninga. Ansvar- og undervisingsoppgåver har i hovudsak vore innan rettleiing, spesialpedagogikk og leiing, og forskingsinteressa mi har utvikla seg til å bli kollegarettleiing som arbeidsform i barnehagelærarane sitt profesjonelle læringsfellesskap. Stipendiatstillinga kom med fusjonen, og med temaet «Rettleiing og den lærande barnehagen» kunne eg ikkje ta la vere å søkje. Med utgangspunkt i kvalitative data frå to barnehagar undersøker eg kollegarettleiing som innfallsvinkel til utvikling av barnehagen som lærande, rettleiaren si rolle i kollegarettleiing som læringsfellesskap og kollegarettleiing mellom kvardagsverd og systemverd i barnehagen. Ut i frå dette utviklar eg teori om kreative spenningar og sentrale kunnskapsrørsle i barnehagen, identifisert i rettleiinga, med mål om å fremje barnehagelæraren som profesjonsutøvar.

NAFOL er støtta vi stipendiatar har i ryggen, eit mangfaldig fellesskap opplevd som fagleg og sosial drivkraft. Vi blir utfordra på ulike aktivitetar vi som forskarar skal meistre, nokre gongar utanfor komfortsona – men desse gir den største meistringskjensla.