Forskerprofil: Oda Heidi Bolstad

Oda Heidi Bolstad. Photo«Kor tid får eg bruk for å kunne dette?». Som matematikklærarar på ungdomssteget har eg fleire gonger fått dette spørsmålet frå elevane. Elevane greier ikkje alltid å sjå korleis den matematikken dei lærer på skulen kan komme til nytte i deira kvardags- og yrkesliv. Matematikk blir då, for elevane, eit fag som berre er relevant i skulesamanheng. Likevel har det siste tida vore eit stort fokus på realfaga, og viktigheita av desse for å kunne forstå og henge med i samfunnsutviklinga.

Mathematical literacy er ein av kompetansane som blir testa i PISA-undersøkingane. Mathematical literacy handlar om evna til å formulere, bruke og tolke matematikk i ulike kontekstar, å kunne bruke matematikk til å løyse problem ein møter i kvardagsliv og yrkesliv. Dette omgrepet har ingen norsk ekvivalent, og det er heller ikkje å finne i norske læreplanar. Med det store fokuset PISA-undersøkingane får, er det likevel relevant å sjå korleis dette omgrepet blir forstått og arbeidd med i skulen. Eg ynskjer å lære meir om korleis skular jobbar for å tydeleggjere korleis matematikkfaget er relevant for elevane sitt kvardags- og yrkesliv, og å hindre at det berre blir sett på som eit skulefag utan relevans for dagleglivet.

Top