Konferanseblogg

Kim Daniel Vattøy på SIG. Photo

EARLI SIG11 Conference 2018, Kristiansand

Skrive av Kim-Daniel Vattøy

Om konferansen

EARLI, The European Association for Research on Learning and Instruction, er den største utdanningsforeininga i Europa og har 27 spesialinteressegrupper (SIGs). EARLI SIG11, Teaching and Teacher Education, er den største spesialinteressegruppa, noko som kjem til uttrykk i dei 180 innsendte bidraga innsendt til årets programkomité. JURE, Junior Researchers of EARLI, var også representert og arrangerte ein pre-konferanse med spesielt fokus på master og ph.d.-studentar.

Årets SIG11-konferanse vart arrangert i Kristiansand, og temaet var «Teaching and teaching education in a changing society». Forskarar frå 22 land var representerte og presentasjonsformata var varierte med m.a. roundtable discussion, poster presentation og paper presentation. På grunn av mange bidrag var det fleire parallellsesjonar dagleg. Det kan vere vanskeleg å velje kva ein skal gå på når det er så mykje interessant og engasjerande, men det er smart å bruke tid i forkant til å lese igjennom abstrakt og bestemme seg for kva slags sesjonar som er mest relevant for eigne interesser og prosjekt.

Roundtable-diskusjon

Under JURE pre-konferansen som vart arrangert tysdag 12. juni presenterte eg i roundtable discussion-formatet. Dette er eit svært nyttig presentasjonsformat for «work in progress». Her var det tre parallelle sesjonar. Kvar sesjon hadde to-tre deltakarar som presenterte sitt arbeid med påfølgjande diskusjon. Tittelen på arbeidet mitt var: «Teacher-student interactions in English as a foreign language (EFL) teaching in Norwegian lower secondary schools». Eg presenterte mellombelse funn frå analyser av 65 videoar frå engelskundervisning i ungdomsskular, som eg har arbeida på saman med medrettleiar Siv M. Gamlem (Høgskulen i Volda). Eg fekk veldig mange gode tilbakemeldingar og kommentarar som kan hjelpe meg med å forme forskingsprosessen vidare. Spesielt nyttig var det å få tilbakemeldingar og kommentarar frå så mange ph.d.-kandidatar, og ikkje minst frå Alicia Alonzo (Michigan State University) og Inger Marie Dalehefte (Universitetet i Agder).

Paper-presentasjon

Eg presenterte også eit paper fredag 15. juni under temaet «Research in teacher education». Tittelen for paperet var: «Developing a platform for a research-based teacher education», og presenterte funn frå ein studie av NAFOLs innverknad på lærarutdanningane på NAFOL sine nettverksinstitusjonar og på lærerutdannarar som har vore NAFOL-studentar. Denne paper-presentasjonen er basert på arbeid som eg har gjort i samarbeid med hovudrettleiar Kari Smith (NTNU). JURE Paper Award-vinnar, Hanne Tack (Ghent University), presenterte også i same sesjon om «Research in teacher education». Det som var spesielt nyttig i paper-presentasjonsformatet var at det var dedikert 10 minutt på slutten til diskusjon og kommentarar. På denne måten fekk vi gode diskusjonar med forsamlinga og fekk drøfta utfordringar og moglegheiter for forskingsbasert lærarutdanning i eit samfunn som er stadig i endring.

Sosialt og nettverksbygging

Fortrinnet med å delta på ein SIG er at ein møter forskarar som er interessert i og deler den same eller liknande forskingstematikk. Gjennom å presentere forsking, både i presentasjonsformene men også i meir uformelle samanhengar, gir trening i å kunne presentere forskinga si for eit internasjonalt publikum.

JURE var særleg godt representert under pre-konferansen, og dette gjorde at ein lettare kom i kontakt med unge ph.d.-forskarar som er opne for å bygge nettverk og for å kome i kontakt med andre forskarar. SIG11-koordinatane fekk tilbakemelding om dette gjennom ein «interactive keynote» der dei spurte om kva deltakarane ønska meir av og liknande. Dei fekk ros for pre-konferansen med sitt tydelege fokus på JURE-medlemmane av SIG11.

Å presentere og diskutere eiga og andre si forsking i ein internasjonal kontekst er svært nyttig i ph.d.-arbeidet. Deltaking kan gi nye perspektiv og opne opp for knyting av internasjonale kontaktar. Det å bli kjent med forskarar som arbeidar med liknande tematikk i andre land men med kanskje ulik terminologi gjer at ein som forskar utviklar eit refleksivt forhold til eigen terminologi og omgrepsbruk. Internasjonale konferansar kan derfor gi unge forskarar hjelp til korleis eiga forsking resonnerer i ein internasjonal kontekst.

Til slutt vil eg seie tusen takk til NAFOL for reisestøtte!

Kim Daniel Vattøy holder presentasjon på SIG. Photo

 

Top