Konferanseblogg

Walter Washington Convention. photoAERA i Washington DC

Sist sommar parkerte eg midt i fellesferien på hovudbibiloteket i Ålesund og skreiv extended abstract på 2000 ord til den 100. utgåva av konferansen til AERA – The American Educational Research Association. Ute føregjekk Cutty Sark Tall ships race, sola skein og byen stod på hovudet med mat, musikk og flotte skip i alle baugar og kantar. Det var til tider krevjande å konsentrere seg om å skrive overtydande om forskingsarbeid som på dette tidspunktet i aller høgste grad var «i prosess».

Ein god prosess hadde vi hatt, eg og rettleiarane mine, så ved biblioteket si stengetid den 22. juli 2015 kunne eg trykke på «submit» og levere ei på ordet nøyaktig tilmålt tekst til review  – dermed kunne eg konkurrere med det som skulle bli 13.000 andre utdanningsforskarar om å få sleppe til med framlegg i Washington DC i perioden 7-13 april 2016.

Her er det kanskje verdt å merke seg at eg adresserte mitt paper-forslag til ei bestemt SIG gruppe, special interest group,  som er relevant for min tematikk. Dette kan ha medverka til at eg slapp gjennom nålauga. Den 2. november 2015 kom det i alle fall mail med aksept om paper-framlegg. Tilbakemeldinga frå dei som hadde lese teksten min var gode, og slikt aukar trua på at det ein held på med gir meining, også for andre.

AERA er visst ein av dei største konferansane i verda i sitt slag. Sist eg presenterte på internasjonal konferanse, var på Limassol i august 2015 under EARLI. Der deltok 2000 delegatar som er stort, i allefall i norsk målestokk. På AERA var det registert meir 15.000 delegatar, så volumet er enormt. Walter Washington convention center utgjorde hovudarenaen med ei stor mengde rom frå mindre møterom til store, fleksible messehallar. Dette bygget var kopla til hotellet  Marriott Marquis, tvers over vegen, som hadde ytterlegare 4 etasjar under bakken med mindre og mellomstore konferanserom. Alt utforma i ein estetikk med referansar til kjøpesenter, kanskje med ein «touch of the 80s» – her var rulletrapper i aust og vest, nord og sør, store, teppekledde opne golvflater med eit merkbart fråvær av stolar og bord. Delegatar låg strødd i kring på golv, sitjande i trapper og inntil veggar, dei fleste opptekne med å orientere seg i det svært omfangsrike programmet.

Programkatalogen i trykt utgåve femna om 450 sider, som ein liten telefonkatalog, med berre sparsam informasjon om kvar einskild presentasjon. Difor var det utruleg nyttig å laste ned AERA sin program-app. Denne gjorde det mogeleg å søke etter namn og stikkord, og den inneheldt abstracts. Ein kunne sette saman sin eigen timeplan dag for dag og lagre denne i appen.

Entre Convention Center. photoKva fekk eg med meg? Eg stakk innom ein heil del paper sessions, der 4 presentasjonar var samla tematisk. Her kunne eg styre etter interessefelt eller kjende namn, og appen var til stor hjelp med å finne fram. Elles var det interessant å høyre inviterte talarar diskutere aktuelle tema, og slik kunne ein få innblikk i dei amerikanske perspektiva på utdanningsforsking. Døme er keynote frå USA si «second lady», Dr. Jill Biden, kona til visepresidenten. Ho snakka varmt om å støtte dei amerikanske militære styrkane ved å auke merksemda på deira born. I USA fins 4 millionar born med yrkesmilitære foreldre, og typisk skiftar desse ungane skule i snitt 6 gonger i laupet av skulegongen sidan foreldra lyt flytte med jobben. Særskilte omgrep som «gold star children» vart nytta i talen som referanse til ungar som har gitt det ultimate offer gjennom tap av forelder i krig. Tala til Biden var ein studie i amerikansk kultur og patriotisme, og den gav eit blikk på vår samtid frå ein noko uvanleg vinkel. Paneldebatten om skulevurdering var også vel verd å få med, med tunge namn som David C. Berliner på plass. Debatten var god fordi heilt grunnleggande spørsmål om testregimet vart diskutert – kor mykje testing og kvifor, og kva kan resultata nyttast (og misbrukast) til? Aktuelt også for pågåande praksis her til lands.

Kva er vel ein konferanse utan ei gjev prisutdeling? AERA awards var eit flott lunsjarrangement lagt til Ballroom A, B og C slått saman. Her var lys, lyd og scene, masse småbord der ein kunne nyte lunsj saman med fagfelagar frå USA, stort sett. Etter mal frå Grammy awards vart prisvinnarar presentert av prominente scholars, og prisvinnarane fekk sine tilmålte 2 minutt til å takke. Pris for beste takketale går til Dr. Christopher Emdin som rappa med ein slik feeling og groove at ein kan mistenke han for å ha ei musikkarriære på si. Han vann prisen «The early career award» og har allereie publisert 21 artiklar og 2 bøker, noko å strekke seg etter …

Elles var det sosiale sterkt lagt vekt på. Eg kom tidleg tilfeldig i kontakt med 4 norske PhD studentar, 2 på utveksling ti Berklee, og saman cruisa vi litt rundt på  receptions på kveldstid. Det var stas å vere på gallaopninga og på mottakinga til Berklee University. Eg gjekk også litt åleine rundt, og erfarte at det var lett å kome i kontakt med amerikanarar. Ma. hamna eg på Division K sitt “business meeting”, som er forum for dei som forskar på teacher education. Etter det foretningsmessige var over, møttes Div. K til eigen reception. Her tusla eg stort sett rundt åleine blant feststemde amerikanarar og fekk teste min sosiolingvistiske kompetanse.

AERA Awards. photoKva med min eigen presentasjon? 3 dagar før avreise til USA fann eg ut at det ikkje stemmer at ein har 10 minutt til presentasjon, slik dei offisielle retningslinene seier. Vi som presenterer i SIG – gruppe har 20-25 minutt. Eg reiste difor over med ei kjensle av at presentasjonen ikkje var tilstrekkeleg planlagt. Eg nytta difor litt tid på hotellrommet dagen før og på føremiddagen presentasjonsdagen til å bu meg. Eg sikra meg dobbelt ved å både skrive manus, og lage stikkord til slides, men enda opp med å snakke temmeleg fritt utan bruk av notat. Dermed forsvann ein del poeng ut i det blå, men ein kan ikkje grave seg ned i detaljar heller. 12-15 frammøtte var det, og diskusjonen etterpå var positiv, så eg oppfatta at om nokon forstod forskinga mi, så går dei god for den.

Eg hadde elles eit brennande ønske om å sjå meg litt rundt i laupet av opphaldet og hadde på førehand meldt meg på «Washington DC in a Whirlwind», ein 4 timas guida tur. Det var temmeleg sterkt å besøke The White House, Capitol, monumenta etter Vietnamkrigen, Koreakrigen, den andre verdskrigen, Abraham Lincoln monument og Smithsonian museum of American history. Eg trur eg har vakse opp med så mange referansar til USA at det er uunngåeleg å ikkje kjenne seg bittelitt amerikansk, kanskje spesielt når ei vassar  i slike symboltunge institusjonar som ein finn i DC.

Til grandios avslutning hadde eg på førehand booka 1 billett til meg sjølv til jazzkonsert i Blues Alley med den kubanske pianisten Cesar Orozco m/ band. Om eg hadde tenkt eg skulle sitte åleine, tok eg skammeleg feil. I laupet av veka nemnde eg denne konserten for gamle og nye kjenningar, og som eit manifest på eiga «networking», møttes vi 12 stykk til denne konserten som vart ei uforgløymeleg oppleving og storarta punktum for ei veke heilt utan sidestykke.

Øystein Kvinge, kull 6

Dagsprogram. photo

Jazzvenue. photo