Konferanseblogg

ICSEI 2019

Skrevet av Kim-Daniel Vattøy

Om konferansen

ICSEI, International Congress for School Effectiveness and Improvement, er ein organisasjon som arrangerer årlege internasjonale konferansar, samt engasjerer i internasjonale forskarnettverk, publikasjonar og nettsider. Det unike med ICSEI er fokuset på å bringe saman forskarar, lærarar, skuleleiarar og politikarar for å diskutere viktige problemstillingar knytt til utdanning og utdanningsforsking.

Årets konferanse vart arrangert frå 8.-12. januar 2019. Temaet for årets konferanse i Stavanger handla nettopp om det å bringe saman: “Bringing Together – Creating innovative educational policies and practices for diversity, equity and sustainability”. Meir enn 800 deltakarar frå 45 land var representerte på konferansen og det var 350 presentasjonar totalt. Ein konferanseapp var designa for at ein skulle enkelt navigere seg effektivt rundt på dei presentasjonane ein sjølv ønska. Ein kunne derfor skreddarsy eiga oppleving ved å legge inn hendingar i «min timeplan». Dette skapte oversyn i eit mylder av engasjerande presentasjonar å delta på. Hovudtalarane for konferansen var Generalsekretær Jan Egeland (Flyktninghjelpa), Professor Amanda Datnow (Universitetet i California), Professor Kathy Sylva (Universitetet i Oxford) og vinnaren av Global Teacher Prize for 2017, Maggie MacDonnel frå Canada.

Symposiet, “The observed quality of teacher-student interaction”

Eg deltok for fyrste gong med paper i eit symposium i årets konferanse. Eit symposium er ei av dei akademiske presentasjonsformene og passar godt om ein har fleire presentasjonar som tematisk passar saman og kan skape ein heilskap. Sidan starten på ph.d.-løpet mitt i 2017 har eg delteke aktivt i eit forskingsnettverk innan temaet «systematisk observasjon i utdanningsforsking» som er støtta av UH-nett Vest. Nettverket har arrangert årlege workshops innan systematisk observasjon og har hatt presenterande forskarar frå lærarutdanningsinstitusjonar i Noreg og Finland.

Det vart heldt to symposium ifrå dette nettverket, torsdag 10. januar. Symposiet eg deltok på, “The observed quality of teacher-student interaction”, var sett saman av fire paper-presentasjonar med forskarar frå Høgskulen i Volda, Universitetet i Jyväskylä (Finland) og Universitetet i Stavanger. Symposiet responderte til ei av undertemaa for ICSEI 2019-konferansen, som var: “Exploring the field of educational effectiveness, innovation processes, research methods and techniques”. Eg presenterte paperet, “Rethinking the role of students’ perspectives in English as a foreign language teaching”, saman med medrettleiar på ph.d.-prosjektet mitt, professor Siv M. Gamlem (HVO). Vi presenterte mellombelse funn frå analyser av klasseromsprofilar av ni engelskklasserom i ungdomsskulen, og fokuserte spesielt på omsynet til elev- og ungdomsperspektivet i undervisinga. Professor Marja-Kristiina Lerkannen (Universitetet i Jyväskylä) var discussant på symposiet. Ein discussant har ansvaret for å drage saman «trådane» frå paper-presentasjonane som symposiet består av og kan til dømes trekke fram ulike problemstillingar for framtida basert på bodskapen til symposiet.

Det å presentere i eit symposium på ein internasjonal konferanse kan gi ei sterk synleggjering av aktivitet i forskingsgrupper og forskingsnettverk på lokale, nasjonale og internasjonale nivå. Ideelt sett bør det gå ein tydeleg raud tråd gjennom symposiumpresentasjonane slik at dei som høyrer på opplever denne heilskapen. For symposiet, «The observed quality of teacher-student interaction», var det mange interesserte som kom for å høyre og spørje oss meir om systematisk observasjon. I symposiet nytta samtlege forskarar Classroom Assessment Scoring System – Secondary Manual (Pianta, Hamre, & Mintz, 2012). Vi fekk tilbakemelding på at forskarar frå andre land kunne tenke seg å nytte instrumentet i sin kontekst, noko som er veldig inspirerande og spennande!

Tusen takk til NAFOL for reisestøtta!

Kim-Daniel Vattøy holder sin presentasjon. Photo
Top