Konferanseblogg

NERA 2019

The 47th Congress of the Nordic Educational Research Association

Skrevet av Marianne Hareide Andreasen

Collage med bilde av Marianne Andreasen og logo Nera

«Education in a globalized world” var tema for den 47. NERA-konferansen lagt til Uppsala Universitet, Sverige, 6.-8. mars 2019. Dette er ei årleg, nordisk konferanse, men har likevel deltakarar frå heile verda.

NERA 2019 skriv i introduksjonen til konferansa at tida vi lev i er i rask forandring og globaliseringsprosessar påverkar utdannings forskarar og utøvarar. NERA 2019 spør inn til kva implikasjonar har globalisering for utdanning og kva rolle spelar utdanning i den globaliserte verda. Konferansa hadde til føremål å undersøke korleis pedagogisk forskning, praksis og politikk påverkast av moderne samfunnsendringer. Eg vil trekke fram ein av hovudtalarane; førstelektor i familiepedagogikk og instituttleder ved Institutt for sosialt arbeid og sosialpedagogikk ved Ghent Universitet, Michel Vandenbroeck. Han foreleste og problematiserte aktuelle tendensar i utdanningspolitikken der barnehagen gjennom barneomsorg og utdanning er ein mogleg veg for barnet å oppnå likeverdige sjanser. Han framheva at utdanning i dag også handlar om mangfald, kultur, kjønn, sosial kontekst, foreldra sine meiningar, politikk, transformasjonsprosessen mellom heim og skule og systemiske forhold. Noko som er ei utfordring å fange i utdanningsforsking når læring ikkje er ein lineær, ubrudt prosess frå A til B. Dette ser eg som eit viktig poeng i mi eiga forsking med fokus på elev-lærar interaksjonar som dialog i klasserommet.

Eg deltok på denne konferansa på bakgrunn av eit innsendt og akseptert paper til ein paperpresentasjon «Teachers’ challenges in teaching mathematics». Der presenterte eg paperet i ein sesjon i nettverket “19. teachers work and teacher education” som er eitt av NERAs 25 interessenettverk. Paperet tok utgangspunkt i eit artikkelutkast for å belyse behovet for å utvikle kongruens mellom læraren sine intensjonar og meta-dialogar om vurdering av elevane sine problemløysingsprosessar i matematikk.

Innan min eigen paperpresentasjon hadde eg rikt høve til å lytte til mange interessante presentasjonar. Det vart hektisk og det var ei utfordring å halde styr på dei veldig mange og interessante forskningsprosjekta på konferansa. I konferanseappen som eg fekk lasta ned og orientert meg i innan eg reiste heimanfrå fekk eg god hjelp til orientere meg. Med nær 500 presentasjonar og 700 deltakarar vart det få tilhøyrarar til kvar av dei mange presentasjonane. Den sesjonen eg vart tilknytt deltok berre eg og ein anna deltakar, ein forskar innan den finske borgarkrigen, der vi skiftast til å presentere for kvarandre. Eg var heldig at eit par av mine Voldakollegaer stilte opp til presentasjon min etter eit varsel på sms. Då fekk eg nokre gode og tilbakemeldingar på arbeidet mitt både frå både den andre forskaren og kollegaer, men altså det var få kritiske røyster til arbeidet mitt.

Sjølv om det var ganske få tilhøyrarar til presentasjonen min, var arbeidet med å skrive og sende abstrakt, klargjere lysarkpresentasjonen og presentere ei utruleg god kjelde og pådrivar i utvikling av ein artikkel i ph.d.-prosjektet mitt.

Gjennom dei andre sine framlegg og dei sosiale aktivitetane; resepsjon førstekvelden på Blåsenhus og festmiddag på Uppsala Slott, fekk eg helst og snakka med fagfeller innan nordisk utdanningsforsking. Ein litt artig detalje frå festmiddagen på Uppsala Slott, var forteljinga om avdøydde FN-generalsekretær Dag Hammarskjöld vaks opp og sykla rundt som guttunge i festsalen då faren hans var landshøvding og familia hans var busett på slottet.

Eg opplevde det å delta på ei konferanse som verkeleg lærerikt og interessant, og eg er takksam for den økonomiske reisestøtta frå NAFOL som gjorde det mogleg å delta.

Her er eit link til ei liste over alle nettverka

NERA 2020 er i Turku, Finland

Top