Konferanseblogg

NERA 2015 (politikk og forsking)

av Knut Ove Æsøy, 8. april 2015

Eg opplevde NERA 2015 som ein politisk konferanse. Konferansen undertittel var «marketisation». Kanskje det var difor forskarpresentasjonane litt for ofte byrja med å skilje seg sjølv frå «policy-tenking». Ein av dei flottast sesjonane var NERA Board Panel torsdag ettermiddag. Her fekk 4 ulike forskarar frå Noreg, Sverige, Finnland og Danmark (Island var sakna) uttrykke sine tankar om politikk og NERA. 15 tilhøyrar i det største auditoriet i Gøteborg fekk gleda av å lytte til mykje klokskap.

Politikk er som kjent normativt og som Carl Schmitt seier: Politikk er teologi. Det var med glede å melde at forskarane vart både politiske, normative og til tider teologiske.

Ein forskar frå Sverige vart overraska at det fantes visjonar i norsk politikk. Han hevda at dei ikkje hadde visjonar i Sverige og forklara visjonane i Noreg utfrå vår sterke religiøse arva. Dette stod i motsetting til den svenske historia. Eg trur vi alle, til sist, erkjente at politiske visjonar alltid er i spel, sjølv om dei er både sjulte og presentert som kunnskap og ikkje draumar.

Etter paneldebatten satte eg på Ølhallen for ettertanke med følgande notatar:

Visjonærstillinga (omgrepet er henta frå Tom Are Trippestad)

Visjonar, draumar, tru

blanda saman som forsking og politikk

harvar over kloden

styrt av eigen fortreffelege tru

på eigen storleik

 

Eit maskineri av idealar

høstar nye jorder

medan menneska framleis

prøvar å så frøa

 

Skjuler sin eigen teologi

i teknologi og kapital

Ingen kjennskap til seg sjølv

Ingen tanke om eigen umoral

 

Ei total evne til å rasjonalisere

sine eigne visjonar som

eit steg av gangen

eit jorde kvar dag

ein felles redusert fornuft

for alle

diktert av fornuften sin innerste ufornuft.

 

Ei oppsummering av visjonane gav med følgande utopiar:

Perfeksjonsideen

Leiarskapsideen (berre alle vert leiarar, so vert alt bra) (ref. Tom Are Trippestad)

Privatiseringsideen

Ideen om human kapital (ref. Lisbeth Lundahl)

Forskingsideen

Kunnskapsideen

Ideen om Ny-Taylorism (ref. Hugh Lauder)

ideen om kunnskapsbasert politikk (evidencebased-politics) (ref. Taina Saarinen)

Ideen om toppidrettsutøvaren (ref. Lisbeth Lundahl sportsmetaforen) (berre alle vert som Ole Einar Bjørndalen vert alt bra) 

Ideen om det å vere fleirkulturell (ref. Hugh Lauder)

 

Til sist vil eg takke NAFOL fordi dei gav meg kjennskap og høve for å delta på NERA.

Helsing Knut Ove Æsøy (tidlegare NAFOL student).