Forskerprofil: Ingvill Bjørnstad Åberg

Ingvill Bjornstad Aaberg. photo

Eg er tilsett som stipendiat ved Nord Universitet på Levanger, ved Fakultet for lærerutdanning, kunst- og kulturfag. I mastergraden i sosialantropologi frå UiB skreiv eg om burmesiske flyktningar i Thailand, og deira identifiseringsprosessar i eit eksiltilvere prega av uvisse. Seinare har eg studert norsk som andrespråk og arbeidd med norskopplæring. I doktorgradsprosjektet undersøker eg kva meiningar som blir tilskrive ‘mangfald’ på utdanningsfeltet, på bakgrunn av at det har blitt peikt på av andre at det ser ut til å ofte vise til den kulturelle ‘andre’. Eg diskuterer mangfaldsomgrepet gjennom eit teoretisk rammeverk av kritisk multikulturalisme, og gjer til dels bruk av kritisk diskursanlayse.

Blant mine forskingsinteresser er forståingar av norskheit og annleisheit, sosial inkludering, likeverd og anerkjenning i fleirkulturelle kontekstar.

Top