Forskerprofil: Yngvil Søholt

Yngvil SøholtEg skal studerer korleis kroppsøvingsfaget virker inn på ungdoms kvardagsliv og utvikling over tid. Ved å følge to kull ungdom gjennom henholdsvis ungdomsskule og vidaregåande over tre år håper eg å finne konkret kunnskap om ungdommers utvikling gjennom ungdomstida, og korleis kroppsøvingsfaget påvirker denne utviklinga.

Eg har ein mastergrad i psykologi frå Universitetet i Tromsø, og har gjennom studia heile tida hatt fokus på motivasjon for friluftsliv og fysisk aktivitet, og utvikling av eit godt liv. Eg har tidlegare vore involvert i ulike prosjekter på Telenors forskningsavdeling og Norges Idrettshøgskole som har hatt fokus på motivasjon og iver for fysisk aktivitet. Pr i dag har vi liten kunnskap om korleis elever erfarer kroppsøvingstimane, og liten kunnskap om korleis kroppsøvingsfaget er relevant for ungdommers utvikling. Gjennom denne studien vil det vere mogleg å få auka kunnskap om kroppsøvingsfagets betydning i norsk skule.

Eg er vel enno i det eg vil karakterisere som startfasen for doktorgradsperioden. Nokre obligatoriske kurs i forskeropplæringa venter i løpet av hausten 2013/vinteren 2014, og eg driv og planlegg første datainnsamling som skal skje til våren 2014, samtidig som eg forsøker å setje meg inn i relevant litteratur.

Sammendrag (docx-fil)