Forskerprofil: Torhild Høydalsvik

Torhild HøydalsvikEin større reform endrar barnehagelærarutdanningane ved at tidlegare akademiske fag er førde saman til seks tverrfaglege kunnskapsområde. Lærarutdanningsfaget pedagogikk er innarbeidd som integrert del av alle kunnskapsområda, med særoppgåva å være samanbindande og profesjonsinnrettande. Høydalsvik spør korleis reforma vert implementert.

Sentrale teoretiske perspektiv er Iverksetjingsteori (Van Meter og Van Horn,1975), utdanningsforsking om lærarutdannaren (Korthagen et al.,2005) og teori om korleis styrke studentane si læring ved sterk koherens (Heggen og Smeby,2012).

Høydalsvik er særleg interessert i vaksen si profesjonskvalifisering. Ho har Cand. polit- grad frå NTNU, og  mange års erfaring som barnehagestyrar, rektor og lærarutdannar.  Parallelt med ph.d.- prosjektet over 5 år, har ho deltidsstilling som høgskulelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda. Høydalsvik er ein del av NFR-prosjektet, Teacher Professional Qualification, i eit underprosjekt leia av professor Liv Gjems.

I det første året som stipendiat la Høydalsvik fram paper på EECER Tallinn. På NERA Lillehammer deltok ho i eit symposium og presenterte resultata av første del av analysane i doktorgradsarbeidet.

Sammendrag (docx-fil)