Forskerprofil: Siv Yndestad Borgen

Identitetsdanning hos praksislærarar

Siv Yndestad BorgenSiv Yndestad Borgen er Cand. Polit. med hovudfag i pedagogikk frå 1999. Hovudfagsarbeidet var ei pedagogisk-filosofisk drøfting av føringar L-97 i lys av Hans Skjervheim sin filosofi. Seinare har ho arbeida i leiing ved vidaregåande skule, og dei siste åra som høgskolelektor ved lærerutdanninga ved Høgskolen i Bergen.

I den siste lærerutdanningsreforma er praksisfeltet omtala som ein likestilt utdanningsarena til teorifeltet. Dette fordrar eit godt samarbeid mellom felta.

I det pågåande Phd.-prosjektet ynskjer Siv å sjå på korleis praksislærarar identifiserer seg som lærarutdanner, for å eventuelt ved eit seinare høve kunne arbeide aktivt vidaremed å betre samarbeid og kommunikasjon mellom teori-, og praksisfeltet i lærerutdanninga.

Arbeidet med prosjektet består av fleire fasar, både review av forsking på feltet, innhenting og analyse av data. Datainnsamlinga består av både intervju og observasjon.

Sammendrag (docx-fil)