Forskerprofil: Pernille Fiskerstrand

Samansette skriveideologiar

Pernille FiskerstrandEmnet for prosjektet mitt er skriving som grunnleggjande ferdigheit på ungdomsskulen, og vidare skriving som spesiell ferdigheit i samfunnsfag på 10. trinn. Eg følgjer eit prosjekt i ein kommune der to ungdomsskular saman har utvikla ei progresjonstrapp i fagskriving. Målet med studien er å undersøke korleis elevar med nynorsk som hovudmål arbeider seg gjennom ein fagskriveprosess i samfunnsfag, for å på den måten finne meir informasjon om kva for kompetansar som vert kravd spesielt av elevar som skriv nynorsk innan dette feltet.

Ein skriveprosess inneheld meir enn berre orda ein skriv. Teksten skal også ha eit spesifikt faginnhald og den skal strukturerast i forma etter visse normer. Skulefaget samfunnsfag på ungdomsskulen skil seg frå det akademiske faget samfunnsfag i høgare utdanning og samfunnslære som skulefag på vidaregåandeskule på fleire måtar. I ungdomsskulen er samfunnsfag eit spleisefag samansett av geografi, historie og samfunnslære, samstundes som læraren sjeldan identifiserer seg som ”rein” samfunnsfagslærar. Dette fører meg seg ein fagidentitet samansett av ulike fagtradisjonar, og det gir eit omfattande samspel av normer som skal integrerast i faget og tekstskapinga. I mitt prosjekt vil skrivekulturen og skriveideologien i samfunnsfag på ungdomsskulen vere eit sentralt tema knytt til skriveopplæringa som finn stad i samfunnsfagstimane.

Prosjektperioden min tok til hausten 2010, og eg nærmar meg såleis ferdig med første året. Desse månadane har eg arbeidd med kurs og planlegging av feltarbeidet, samt gjennomføring av pilot. Eg er takksam for opptaket i NAFOL fordi eg har opplevd samlingane som lærerike og inspirerande. Først og fremst vil eg trekke fram kurshaldarane som vert trekte inn som framifrå. Det kjennes som eit privilegium å få sitje i salen! – Samstundes som fellesskapet med dei andre studentane har hatt mykje å bety for min del.

Sammendrag (docx-fil)