Forskerprofil: Øystein Kvinge

Undervisning som improvisasjon: ei undersøking av lærarstudentar sin bruk av semiotisk teknologi i fagformidlinga

Øystein Røsseland Kvinge. Foto.

Eg har sidan januar 2014 vore tilsett som stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet. Der underviser eg i piano bi-instrument og stundom gjer eg prosjekt med bachelor- og masterstudentar i musikk/ kreative læringsprosessar.

Stipendiatet er knytt til Høgskulen på Vestlandet sitt forskingsprosjekt «Improvisation in teacher education»  som har som føremål å utvikle improvisasjon som ein generell dugleik i lærarutdanninga. I mitt prosjekt har eg valt å undersøke ein mykje utbreidd undervisningspraksis, nemleg fagformidling ved hjelp av presentasjonsteknologi, eller semiotisk teknologi som eg kallar det for å understreke mitt fokus på kva ressursar som vert nytta til å skape meining i slike settingar.  I prosjektet undersøker eg det multimodale samspelet mellom den som underviser og den akkompagnerande PowerPoint presentasjonen.

Eg har tatt del i summer school og master class ved London University og Syddansk Universitet kor dei store teoriutviklarane i mitt felt held til, og prøver å bygge eit nettverk med andre PhD studentar med same interessefelt.

Eg har bakgrunn frå kultursektoren i Bergen kor eg har jobba som produsent hos ei rekke institusjonar, ma. BIT20 Ensemble, Carte Blanche og Festspillene i Bergen. På fritida speler eg jazzpiano.

Heimeside

Sammendrag (docx-fil)

Top