Forskerprofil: Lillian Pedersen

Bevegelsesleik på barnehagens leikeplass

Eg er utdanna barnehagelærar og har hovedfag i barnehagepedagogikk fra Høgskolen i Oslo. Sidan 2007 har eg arbeida som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane). Der har eg undervist i pedagogiske tema som leik, utviklingspsykologi, didaktikk og leiing. Mine forskingsinteresser inkluderer blant anna barnehagens språkmiljø, leik og barns bevegelsesmoglegheiter.

Stipendiatperioden starta januar 2015, og doktorgradsprosjektet mitt er ein delstudie i «The Sogn and Fjordane Preschool Physical Activity Study» (PRESPAS). Målsetjinga med delstudien er å få innsikt i bevegelsane som blir skapte i møta mellom fem år gamle barn og barnehagens leikeplass, og å diskutere  kva bevegelseserfaringar og –moglegheiter som blir fremja i desse møta. Fenomenologi og spesielt Merleau-Ponty sin kroppsfenomenologi er brukt i tilnærminga til det empiriske materialet. Barns bevegelsar på leikeplassen er undersøkt ved å sjå på kva bevegelsar som blir skapte i møta mellom barna og mobilt leikemateriale, kva som kjenneteiknar barnas barriere-brytande bevegelsar og kva potensielle rom fem år gamle jenter og gutar skaper når dei leikar saman.  

Sammendrag (docx-fil)

Top