Forskerprofil: Kristin Barstad

Kristin BarstadArbeidstittelen på mitt ph.d.-prosjekt er “Implementering av kvalifikasjonsrammeverket i praksisopplæringa i lærarutdanning”. Kvalifikasjonsrammeverket skal innførast i Noreg som del av vårt arbeid i samband med Bolognaprosessen og vårt samarbeid med EU. Mange kan meine at arbeid med innføring av nasjonale og overnasjonale retningsliner og rammer er tørre, byråkratiske greier, men eg synes dette er veldig spennande. For tida arbeider eg med grunnlagsdokumenta i saka. Det er utarbeidd to europeiske rammeverk, eit i samband med Bolognaprosessen, European Higher Education Area – Quality Framework (EHEA-QF) og eit i regi av EU,European Qualification Framework (EQF).

Ved sidan av arbeidet med doktorgraden arbeider eg som prosjektleiar i pilotprosjektet for lærarutdanning i Oslofjordalliansen. Kort fortalt går pilotprosjektet ut på å få til samordning, samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon innanfor lærarutdanningane. Dei tre høgskolane i Buskerud, Vestfold og Østfold samarbeider med Universitetet for miljø- og biovitenskap om utdanning og forsking innanfor ei rekke utdanningsprogram, deriblant dei ulike lærarutdanningane. Det norske kvalifikasjonsrammeverket er utarbeidd på bakgrunn av EHEA-QF og EQF, og dei to nye grunnskolelærarutdanningane er dei første studieprogramma i Noreg som har utforma planverket sitt etter dette. Den nye førskolelærarutdanninga som er på trappene skal også utformast i forhold til kvalifikasjonsrammeverket, det same skal også nye lærarutdanningar for 8 – 13 trinn.

Innføring av kvalifikasjonsrammeverket set utdanningspolitiske grunnleggande spørsmål på dagsorden og det gir oss høve til å diskutere kva kunnskap og kvalifikasjonar vi meiner bør overleverast til komande generasjonar. For lærarutdanninga betyr det at vi må drøfte kva slags kunnskap vi krev at ein lærarstudent må tileigne seg og korleis denne kunnskapen skal kome til uttrykk ved slutten av utdanning. Dette krev eit rikt kunnskapsomgrep der både teoretisk-vitskapleg kunnskap, praktisk kunnskap og praktisk klokskap skal ha plass. At vi som driv med lærarutdanning må legge til rette for undervisnings- og læringssituasjonar som fører til at studentane tileignar seg nødvendig kunnskap er ikkje noko nytt. Vi må ha arbeidsmåtar, læringsarenaer og vurderingsordningar som sikrar at dei vi sertifiserer som lærarar har den kunnskap, ferdigheter og generelle kompetanse som god yrkesutøving krev. Det nye er at dette skal passe inn i rammer utvikla i eit Europeisk forpliktande samarbeid, der beskrivelsar ut frå utdanningsnivå skal vere samanliknbare. Rammeverket krev av alle som driv med undervisning at dei har eit fokus på læringsutbytte for studentane, kva studentane skal kunne vise at dei kan etter fullført utdanning og at dette blir harmonisert med internasjonale krav.

Eg har fram til no brukt mest tid til å ta dei obligatoriske ph.d.-kursa som graden krev, då blir det mykje lesing. Samtidig arbeider eg vidare med spørsmål knytt til metode, teori og forskingsdesign. Ettersom eg arbeider med prosjektet har det skjedd endringar i forhold til mine opprinnelege planer på dette feltet.

Eg vil bruke mixed methods, altså både kvantitative og kvalitative metodar, for å belyse feltet. Eg tenker å gjennomføre ei kvantitativ undersøking for å finne ut kva grep som er tatt på institusjonelt nivå i forhold til innføringa av rammeverket. Spørjeskjema er enno ikkje klart, men eg ønskjer å finne ut kva som er gjort i samband med implementeringa av kvalifikasjonsrammeverket. Finst det formelle planar, kvar i institusjonen dei eventuelt er forankra og korleis arbeidet med å iverksette dette rammeverket blir vurdert. Vidare vil eg arbeide kvalitativt gjennom eit aksjonsforskingsprosjekt knytt til praksisopplæringa i lærarutdanninga. Denne delen av prosjektet skal bidra til aksjonslæring (både ved høgskolen/universitetet og øvingsskolen) der lærarutdannarar og praksislærarar samarbeider om utforsking og kritisk evaluering og utvikling av ideane om god praksisopplæring slik dei framstår i arbeidssituasjonen.

Sammendrag (doc-fil)