Forskerprofil: Knut Ove Æsøy

Spelerom for den kritiske sansen

Vitskap og profesjon – Tankemønster og kommunikasjon

Knut Ove ÆsøyKva tankemønster vert lærar- og sjukepleiarstudentar opplært i gjennom pensumlitteraturen? Gjev desse ulike tankemønstera høve for tverrfagleg kommunikasjon? Ved å studere dei tankemønstera som syner seg i pensum vil eg undersøke høve for kommunikasjon. Med utgangspunkt i Foucault sitt diskursomgrep og Habermas sin teori om kunnskapsinteresser vil eg analysere høve for ein slik tverrprofesjonell kommunikasjon.

Om meg

Eg vaks opp i havgapet. Auga kunne sjå så langt dei klara. Horisonten skilte det eg såg frå det eg berre kunne tenke. Eg visste at langt der ute låg Shetland. Det fantes berre for meg i tanken, og der er det framleis. Havet har alltid vore noko stort og mørkt for meg. Eg har stor respekt for havet. Gleda er stor kvar gong eg trekker ein fisk opp frå djupet. Eg har aldri villa ned. Den vidstrakte horisonten har alltid vore meir tiltalande enn det mørke djupet. Havorganismane eg fangar gjev meg nok innsikt i det som finnes under meg. Eg har alltid likt å trekke garn. Det gjev meg høve til å danne meg generelle teoriar. Horisonten problematiserte røyndomen. Grensa mellom det visse og det ukjente. I havet er teoriane, i horisonten er undringa.

Om doktorgrada

Målet for doktorgrada er å samanlikne ulike tankemønster. Læraren og sjukepleiaren sine tankemønster og om det er høve for ekspertsamtale mellom dei. Eg er ein novis i ein akademisk samanheng. Eg prøvar å akseptere denne posisjonen. Eg har kjensla av å trakke i alle dei opptråkka stiane som finnes. Eg ser på meg sjølv som lunsjpausemetafysikar. Eg fann eit dikt om dette:

Trua

Kniven ligg stille på bordet

Blodet var samfunnskitten

Muren slår sprekker i botnen

Totempolen fjernast frå mitten

 

Pan kviskrar med vinden

syng om den heilage orden

verda byrjar hyle og tute

Tor kjem med lyn og torden

 

Elva ligg ukjent og ny

Du vassar trygg og klar

Heraklit har gitt deg vissa

Du veit at det finnes eit svar

 

Engasjementet

I alt dette ligg det eit ønskje om engasjement. Samstundes frykta for hoggestabben. Eg fann  eit dikt om dette òg. Alt er sagt, tilbake står tagnaden som vitskapleg aktivitet.

 

Tilbake-ståande intuisjon

Generasjonen sitt utsagn

Kjensler frå eit kjellardjup

Maska fell til bakken

Skala skrellast av

Tagnad

Egil hevar øksa

– ikkje

 

Arbeidet mitt

For tida jobbar eg med metodeproblematikken. Kvifor har eg så vanskeleg for å akseptere at eg må ha ein metode? Hovedpoenget mitt er at metoden ikkje må vere garantisten for den vitskaplege aktiviteten. Dei vitskaplege konklusjonane må vere garantisten. Utsagna sine evner til å underkaste seg refleksjon, visdom, klokskap, kynnen og intuisjon er det viktigaste. Det kom eit dikt til meg om dette òg.

 

Teknokratiet sin siger

Talerøret leflar med handling

Menneska kryp i hi

Verksemda gjev blodsmak

Jubelen fell bi

 

Tanken ønskjer så mykje

Handlinga kjem til smått

Sanninga kjem med røynsla

Vi håpar den vil oss alt godt

 

Hensikten med arbeidet

Eg er av den oppfatning at humanistens viktigaste oppgåve er å skape spelerom for den kritiske sansen. Vår jobb er å avdekke samfunnsforholda sine utfordringar. Til dømes må vi aldri tape av syne hensikta med skulen. Vi må ikkje la kunnskapsakkumuleringa tilsløre vårt ønskje om eit godt samfunn.  Orda som fell ned i meg er:

Kunnskapen sin entropi

Matrialisering av formålet

Kunnskapsakkumuleringar

eit hav av ord

eit regime av reguleringar

 

Relativismens totalitet

ei tilsløring av røyndomen

Nytte og effektivitet

vert den nye kristendomen

 

Dette er mi forteljing, eit forsøk på å gje litt av meg sjølv.

 

Sammendrag (pdf-fil)