Forskerprofil: Ingunn Flatøy

Multimodalitet og leseopplæring

Ingunn FlatøyI arbeidet mitt vil eg analysera utvalde abc-nettressursar  som vert nytta i begynnaropplæringa. Emnet grunnleggjande skrive- og leseopplæring har vore eit særskilt interessefelt for meg sidan slutten av 80-talet. Som nyutdanna allmennlærar møtte eg  entusiastiske 1.klassingar som ynskte innpass i  ei spanande skriftspråksverd, og som sette si lit til at eg som lærar skulle gje dei nøkkelen til denne verda. Dette var eit fascinerande arbeid som førte til at eg vart ein ivrig lesar av publiseringar om  leseforsking. Denne interessa bar eg med meg inn i eit hovudfagsstudium i nordisk, og spesialiseringa mi var utslagsgjevande for at eg i 1992 fekk stilling i norsk ved Høgskolen Stord/Haugesund.  I 2009 fekk eg eit phd-stipend  som har gjort det mogleg for meg å kopla interessefeltet leseforsking med eit digitalt og multimodalt perspektiv, og no er det eg som er på jakt etter  ein nøkkel til ei spanande multimodalitetsverd.

Ph.d.-prosjektet mitt skal avsluttast hausten 2013. Dei obligatoriske forskarkursa er eg så og seia ferdig med og feltarbeidet er unnagjort. For tida er det analyse av innsamla data som fyller arbeidsdagen min.

I NAFOL har eg fått høve til å bli kjent med både spanande fagfelt og ikkje minst personar. Det har også vore mange flotte førelesingar som har gjeve inspirasjon til eige arbeid. Dessutan har eg også vore så heldig å få med meg kurs om multimodalitet og læring ved UIA i regi av NAFOL.

Sammendrag (doc-fil)