Forskerprofil: Hege Myklebust

Meiningsfull skriving – bruk av blogg, spel og sosiale medium i skriveopplæringa

Hege MyklebustMitt forskingsprosjekt er eit delområde i NFR-prosjektet “Learning in the 21st century: Capitalizing on students’ digital strengths; compensating for desired capabilities” som er finansiert av PRAKUT –midlar. Ein grunn til at dette prosjektet er utforma, er det stadig aukande presset mot skulen om å opna opp og ta i bruk det store potensialet som presumptivt ligg i den digitaliseringa samfunnet har vore (og framleis går) gjennom. 

I skildringa av område 4 i PRAKUT-utlysinga står det: Skal vi forstå hvordan barn, unge og voksne utvikler seg og tilegner seg kunnskap, er det ikke nok bare å gripe de komplekse læringsprosesser som foregår innenfor hver enkelt arena. Man må i tillegg ha en forståelse for hvordan samspillet mellom disse arenaene fungerer. Det er derfor behov for mer systematisk kunnskap om hvordan pedagoger i praksis kan integrere barn og unges livsverden og samlede livserfaringer i sin pedagogiske virksomhet. Det er nødvendig å studere hvilke virkemidler som bidrar til å øke motivasjon og læringsutbytte.

Det er dette mitt prosjekt er tenkt å vera eit bidrag til – eg vil studera korleis lærarar i vidaregåande skule kan trekkja inn dei unges livsverd og erfaringar i arbeidet med skriveopplæringa i skulen.

Overordna problemstilling: Kva skjer når norsklæraren tar i bruk ungdoms digitale tekst- og skriveerfaringar utanom skulen i skriveopplæringa på skulen?

Eg har utdanninga mi frå Universitetet i Bergen, der eg tok hovudfag i nordisk i 1996, men etter det arbeidde eg mange år i frivillige organisasjonar før eg tok opp at faget mitt som timelærar i norsk ved lærarutdanninga på Høgskolen Stord/Haugesund. Eg vart etter kvart fast tilsett, og har undervist hovudsakleg på allmennlærar-/grunnskulelærarutdanninga sidan 2004.

Sammendrag (doc-fil)