Forskerprofil: Hallvard Kjelen

Ny fridom, nytt ansvar

Hallvard KjelenEmnet for prosjektet mitt er litteraturundervisning i ungdomsskulen etter innføringa av Kunnskapsløftet. Eg arbeidde sjølv i ungdomsskulen då Kunnskapsløftets nye plan for norskfaget vart presentert, og eg oppdaga at planen gav meg svært stor fridom, men samstundes svært stort ansvar. Særleg gjeld dette det tradisjonelt sett sentrale norskfaglege emnet litteratur. Den nye planen nemner ingen forfattarskap, ingen litterære verk, ingen epokar. Elevane skal lese ”sentrale samtidstekster” og samanlikne desse med ”klassiske verk fra norsk litteraturarv”. Formuleringane overlet  til læraren å vurdere kva som er sentralt i samtida og kva verk som høyrer til kanon. Eg vil mellom anna freiste å finne meir ut om korleis lærarar opplever fridommen og ansvaret som læreplanen gjev dei.

No har eg snart brukt to år av stipendperioden, og har gjort unna noko pliktarbeid og nokre obligatoriske forskarkurs. Undersøkinga mi skal baserast på kvalitative intervju med lærarar. Eg er godt i gang med intervjua, og satsar på å vere ferdig med feltarbeidet ganske snart.

Eg opplever det som svært nyttig å vere knytt til NAFOL. Ikkje minst kjem eg gjennom NAFOL i kontakt med mange interessante menneske som  er i same situasjon som eg.

Sammendrag (docx-fil)