Forskerprofil: Elizabeth Oltedal

Elizabeth Oltedal. Foto.Vurdering av musikkutøving: instrumentallærarars vurderingsdiskusjonar

Uansett samanheng, for ein musikkpedagog er vurdering eit spørsmål som stadig vender tilbake. I eit fag som musikkutøving, som har stort tolkingsrom, vil eitt sett med kriteria kunne vere relevant for den eine framføringa, men irrelevant for den neste. Ei kriteriebasert vurdering kan aldri vere uangripeleg nettopp fordi potensialet for nyansar av kvalitet er uendeleg.

Like fullt skal elevar både få øving i å utøve musikk og fagleg funderte tilbakemeldingar som kan brukast som ledd i den vidare utviklinga. På vidaregåande skule er det stor breidde i type hovudinstrument, sjanger og repertoar. Målet med studiet er å få kunnskap om korleis faglærarar opplever og møter utfordringane i å vurdere musikkutøving, med særleg fokus på det intersubjektive lærarteam.

Prosjektet er basert på empirisk data frå intervju med instrumentallærarar på to vidaregåande skular, og observasjon av 15 vurderingsmøte på ein tredje skule. Fire artiklar er planlagd for PhD-avhandlinga.

Last ned samandrag (docx-fil)