Konferanseblogg

«Toleransens grenser» – deltaking på Christiekonferansen i Bergen

Skrive av: Kari Hagatun

Kva betyr toleranse i vår tid? Kor mykje kan vi tolerera? Kven bestemmer kva vi skal tolerera? Den niande Christiekonferansen arrangert av Universitetet i Bergen, den 25. april 2018, hadde tittelen «Toleransens grenser». Christiekonferansen blir omtala som ein av Norges viktigaste møteplassar for akademia og nærings-, kultur og samfunnsliv.

Eg hadde æra å bli invitert til å halda innlegg på årets Christiekonferanse under overskrifta «Forsking i front», som ein av tre stipendiatar frå UIB. I innlegget «Ute er det kaldt» problematiserte eg førestillingar om den «inkluderande skulen», gjennom beskrivingar frå doktorgradsprosjektet mitt på utdanningssituasjonen til norske rombarn. Til å illustrera innlegget mitt nytta eg ni kunstfotografi frå utstillinga «Hvite vegger, lange kjoler» (2017) etter avtale med fotograf Gorm K. Gaare. Du kan lesa meir om innlegget mitt her.

Å få delta på denne konferansen har vore svært lærerikt og utfordrande. Til forskjell frå andre konferansar der eg har halde innlegg, var målgruppa for denne konferansen beslutningstakarar og nøkkelpersonar frå næringsliv, kulturliv, offentleg verksemd og media. Å formidla noko som gav meining og som gjorde inntrykk på ei slik forsamling innanfor ei ramme på 10 minutt var ei utfordring. Heldigvis fekk vi tilbod om kurs i formidling ved SpeakLab, som kombinerer  kunnskap frå journalistikk, stemmeforsking, dramaturgi, rørslelære og toppidrett. Sjølv med mangeårig undervisningserfaring opplevde eg at det var mykje å læra av eit slikt kurs.

Gjennom kursa vart eg også kjent med dei andre stipendiatane som skulle presentera på konferansen. Vi vart også invitert, saman med leiinga ved UIB og alle dei andre som skulle ha innlegg, på ein flott middag  kvelden før konferansen. Dette gjorde at vi alle fekk ned pulsen litt i førekant. Og bak scena, før vi skulle inn og halda innlegg, var det god stemning. Vi synest alle det gjekk mykje betre enn vi hadde frykta!

På konferansen var det mange interessante innlegg. Særleg hadde eg utbytte av å lytta til Toril Moi, professor i litteratur og filosofi ved Duke University i North Carolina, som snakka om toleranse og utsatthet, med døme frå blant anna #MeToo. Teoretiske perspektiv ho løfta fram var Hannah Arendts kritiske toleranse, Iris Murdochs fordring om å sjå røynda med «eit rettferdig og kjærleg blikk», og Stanley Cavells «acknowledgement». Årets Christiepris vart tildelt Dan Olweus for hans innsats som antimobbepionér.

Konferansen vart avslutta med gallamiddag i Universitetsaulaen, ein flott avslutning på ein spanande konferanse!

Du kan lesa meir om årets Christiekonferanse og alle dei spanande bidragsytarane her.

Heile konferansen vart streama og kan sjåast her.

Enjoy!

Jente på norsk vei

Opphavsrett:  Gorm K. Gaare

 

 

Top